Loenvatn Feriesenter ligg fint til ved Lovatnet, ca 4 Km frå Loen. Her er hytteutleige, Kafé og kiosk. Vi leier også ut fiskeutstyr, båtar m/motor og kano. Alle Hyttene er utstyrt med dusj og WC, kjøkenutstyr, dyner og puter. Opent mandag- søndag, fra 12.00 til 22.00
Loenvatn Feriesenter er en andregenerasjons familiedrevet bedrift som i dag drives av Tor Arve Sande og Bodil Almening Sande.
Loen har mange fjellturar å by på. Det finst fleire oppmerka løypar, deriblant til 10 trimpostar, der den mest populære er Skåla. Dette er også den hardaste turen, og for ein normal tur reknast det 4-5 timar for å nå den 1848 meter høge toppen.
Ein anna flott oppleving er turen til Lodalskåpa, den høgste toppen på Jostedalsbreen. Ved hjelp av breførarar er det her mogleg å kome seg 2083 meter over havet.
Du kan leie kajakk hos oss og planlegge din egen båttur. Her på campingen har vi utleige av kajakk, robåt og kano.
Loenvatn Feriesenter ligg ved Lovatnet, som strekker seg mange kilometer innover Lodalen. Her er det gode moglegheiter for ørretfiske, både med garn, oter og stang. Skulle det vere ønskjeleg med laksefiske, er dette mogleg i Loelva, lenger nede i dalen.
Stryn Sommarski er meget populært. Lengda på sesongen varierer frå år til år, men kan vare frå april/mai til juli/august. Skisenteret ligg mellom 1000 og 1600 meter over havet, og frå Loenvatn Feriesenter tek det litt over ein time å kome seg dit med bil.
Kvifor ikkje ta seg ein sykkeltur innover Lodalen? Mange turistar tek slike utfluktar. Vegane er bra å sykla på, og dei er ikkje altfor bratte. Syklar kan leigast hos Loen Active.
Loen ligg nær Jostedalsbreen, og det er kort veg viss du vil oppleva brearmane. I Loen kan du lett ta deg fram til både Kjenndalsbreen og Bødalsbreen. Det fins også moglegheiter for brevandring på nokre brear.
blir variert mellom desse rettane: